Annonse
Sundbåten Rapp er eit av fartøya som har fått støtte. Foto: Foreningen Sundbåten Rapp

Deler ut 1 million til eldre fartøy
15. oktober er det søknadsfrist for listeførte fartøy, som er verna av Riksantikvaren, til å søke om tilskot. Til saman deler fylkeskommunen og Riksantikvaren ut 1 000 000 kroner.

– Møre og Romsdal har ei rik kystkulturhistorie med eit mangfald av fartøy, med ulike funksjonar som til dømes fiskefartøy, ferjer, passasjerbåtar og fangstskuter. Men dette er ikkje ei sjølvfølge, utan eldsjelene som bruker mykje tid og krefter på å halde dei ved like, seier Arve Nytun, rådgivar i fylkeskommunen

Held liv i kystkulturen

Sidan 2016 har ti fartøy og deira båtlag, fått tilskot gjennom SAVOS ordninga i Møre og Romsdal. SAVOS er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Riksantikvaren, der begge partar går inn med halvparten av tilskotsmidlane kvar. – Det ligg mange dugnadstimar og hardt arbeid bak jobben med å holde fartøya i stand, seier Nytun.
Fartøya som til no har fått tilskot er: Fangst, Slukk 2, Svanen og Rapp på Nordmøre. Brannsprøyta, Thorolf, Hindholmen, Helland og Bilfergen på Sunnmøre, samt Brand frå Romsdal.
– Dette er ulike type fartøy, men dei har likevel til felles att dei ønsker at fartøyet skal være med å formidle Møre og Romsdal sin kysthistorie. For fleire av prosjekta er desse midlane heilt nødvendige for å klare å holde fartøya i stand, fortel Nytun.

Ønsker fleire søknadar

Fylkeskommunen ønsker fleire søkarar til denne ordninga, men minner om at det berre er fartøy som er verna av Riksantikvaren har høve til å søke. Spørsmål kring vernestatus kan rettast til riksantikvaren.
– Vi har hatt denne ordninga sidan 2016, og til no har vi fordelt midlar på ti prosjekt, spreidd utover fylket. No er neste søknadsfrist 15. oktober, og vi ønsker at fleire skal nytte seg av denne mogeligheita, sier Nytun.
Søknadsskjema finn du på heimmesida til Møre og Romsdal fylkeskommune.
– Med denne tilskotsordninga håpar vi at vi kan hjelpe folk som sit på desse viktige maritime kulturminna med vedlikehald, slik at fleire kan få oppleve den maritime biten av fylket si historie, avsluttar Nytun.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til post@ksu.no.
For enkle kommentarer vennligst bruk kommentarfeltet under.

Annonse

Siste 6 artikler

Christoffer Aasbakk banens beste. Foto: NTB scanpix

Spillerbørs: Aasbak var BB

Torgil Gjertsen. Foto: Anders Tøsse / NTB scanpix

KBK begravde nesten Ålesund

Vålerenga Sjakklubb.

Motivasjon avgjør NM

Selv om ikke Christian Michelsen vil innrømme det, er kveldens kamp særdeles viktig. Foto: Aage G. Sivertsen

Fortsetter bybrannen i Ålesund?

Sanct Svithun ved kai i Trondheim. Foto: 1952 fotograf Schrøder

Det hendte – 21. oktober

Annonse
Annonse