Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Jenny Klinge
Ytring
28 september 2018 14:11
Del på Facebook
Jenny Klinge, Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet. Foto: Bernt Sønvinsen
Jenny Klinge, Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet. Foto: Bernt Sønvinsen
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

EU har endeleg kome på banen i saka om sommartid. Spørsmålet er no om det skal bli slutt på å stille klokka to gongar årleg. Etter at eg sjølv har tatt opp temaet klokkestilling i fleire år, applauderer eg sjølvsagt at det endeleg kan vera håp om å sleppe dette. Eg vil likevel advare sterkt mot at sommartid blir valt til å vera den faste tida. Det er ein  grunn til at normaltid heiter normaltid, og det er den tida vi no har i vinterhalvåret.

Då sommartid vart innført, argumenterte forskarane med at dette var betre for helsa vår. Sidan den gongen har forskinga gått framover, og konklusjonen er det motsette: Sommartid skiplar den biologiske klokka og døgnrytmen vår, dermed også søvnrytmen. Eg er oppteken av ungdommen, som er endå meir B-menneske enn vaksne, og som allereie i dag slit med at skulen startar for tidleg. I sommarhalvåret mistar dei endå ein times søvn om morgonane på grunn av sommartida, men skulle sommartid bli innført som det normale heile året, blir problemet endå verre. Og for alle andre B-menneske ville det også bety mange færre timar god, helsebringande og prestasjonsfremjande søvn i løpet av året. Det vil såleis ikkje berre bli negative konsekvensar for den enkelte, men også for samfunnet.

Eg har sjølv sagt at det viktigaste er å ha same tid heile året, og tidlegare meinte eg at dette like gjerne kunne vera sommartid. Det er etter å ha sett meg godt inn i forskinga på døgn- og søvnrytme at eg har endra meining. Vi bør vise større omsyn til folk med søvnproblem enn til folk som ønskjer litt meir lys etter arbeidstid i praksis berre nokre veker ekstra i året. Viss målet er å gi fleire meir lys etter arbeidstid, er det fullt mogleg å innføre meir fleksible arbeidstidsordningar på ein del arbeidsplassar. På ein god del av dei arbeidsplassane der det er vanskeleg å tilby fleksitid, er arbeidstida for øvrig allereie så tidleg som mellom klokka 07–15.

Det er flott at det kan bli slutt på klokkestillinga, men løysinga er ikkje sommartid heile året – det er så ha same tid heile året. Og då er normaltid det rette.

Jenny Klinge
Stortingsrepresentant, Senterpartiet

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 7 timer siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Terje SundsbøOg da er vi tilbake til kostnadsaspektet som eg skisserte tidlegare, og matching av frekvens og reisetid. I tillegg til ...
Terje Sundsbø 7 timer siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Geir Ole SætremyrLike fullt langt mer håndfast enn dine fabuleringer. Og det skisserer et gjennomførbart alternativ for flytting av fergeleiet ut av ...
Geir Ole Sætremyr 8 timer siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Terje SundsbøGjelsvik tenker og vil at SVV skal sjå. Mindre håndfast kan det knapt nok bli når han spela opp preludium til ...
Terje Sundsbø 8 timer siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Geir Ole SætremyrDet er ikke plass til flere rundkjøringer i sentrum. Vi har allerede en ved Roseby øst, en ved Roseby vest ...
Geir Ole Sætremyr 12 timer siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Terje SundsbøDu må sjå på det totale trafikkbildet, inkludert vest for Molde sentrum, rundkjøringa ved Roseby, Fannestrandsveien, Frænaveien etc. Alke utrusta ...
Terje Sundsbø 13 timer siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Geir Ole SætremyrTror du det bare er trafikken i den ene retningen som skaper trafikk-kaos? Bli voksen, din barnslige kverulering er ikke Naturvernforbundet ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse