Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Bernt Bøe
Artikkel
08 april 2024 10:36
Del på Facebook
Sigrid Bøe (frå venstre), Erling With Aasgård, Anders Larsen og Alfhild Aasgård fekk stor takk etter konserten. Foto: Bernt Bøe
Sigrid Bøe (frå venstre), Erling With Aasgård, Anders Larsen og Alfhild Aasgård fekk stor takk etter konserten. Foto: Bernt Bøe

Ei fullsett Åsskard kyrkje fekk nyte ein fantastisk konsert servert av Erling With Aasgård, Anders Larsen og Sigrid Vetleseter Bøe laurdag.

Erling (orgel og piano), Anders (fiolin) og Sigrid (song) er musikarar på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå.

Annonse
Annonse

For å sitere publikum:

– For ein musikktrio – og alle med røter i dette lokalmiljøet!

Underernært?

På programmet stod Bach, Grieg, Brahms, Svendsen, Mozart – altså klassisk så ein skulle tru det skremte folk vekk. Vi innbiller oss gjerne at alt må vera så «kult» og «pop» for å fenge. Men kva ser vi her? Fulle benker – og ikkje programhefte nok! Er folk kanskje underernært på kultur av det såkalla «seriøse» slaget?

For vi kan sitere igjen, frå «alminneleg folk»:

– Makalaus oppleving! – Fenomenalt! – Fantastisk!

Erling – for ein musikar!

Konserten var til minne om Bjarte With Aasgård. Også det bidrog nok til det store oppmøtet. Takken frå kyrkjeverje Tor Rune Halset til Alfhild Aasgård, som øremerka minnegåvene på denne måten, var vel fortent!

Sønnen Erling var kveldens aller mest aktive distributør. Han trakterte orgel og piano i heile programmet og krydra det med muntre og interessante anekdoter. Visste du at unge Grieg var ein storarta organist? Hans glansnummer, den store Bach-fugen i g-moll, vart da også Erling si glitrande opning av konserten.

Med formidling av Bach (også «Bondefugen») og Mozart viste Erling orgelet i leik og vemod – beherska med stor virtuositet. På pianoet gav han teknisk brilliant, og samtidig lyttande avstemt, tonefølgje til Anders og Sigrid sine mange solostykke. For ein musikar!

Edelt på fiolin

Og enn å få oppleva Griegs «Våren», Svendsens «Romance» og Massenets «Meditation» i Anders sin syngjande og reflekterande musikalitet med klangen av hans edle fiolin frå Milano 1735? Vårsøg-sjefen og Trondheims-symfonikaren gav desse klassiske perlene ei form og eit uttrykk som få andre kan yte. Eksempel: Slike himmelske høgdetonar! (Og denne guten debuterte som 10-åring med Küchlers «Concertino» nettopp her – i 1988!)

Annonse
Annonse

Sigrid, Grieg og Mozart

Eg må også få framheve Sigrid – sjølv om eg er far hennar. Stemmeregisteret spenner frå det inderlege, nesten uhørbare, til den store operaklang med symfoniorkester i store salar. Og likevel: Vokalteknikken er uttrykksmiddel for meiningsinnhald og songens musikalske særpreg!

Sigrid var 8-9 år da koret med ein Mozart-sats her i kyrkja «tente» henne på klassisk song. Dermed passa det godt at ho og Erling let «Laudate» frå Mozarts «Store Messe i c-moll» bli eit av høgdepunkta på laurdagens vårkonsert.

Og kvifor ikkje avslutte vårkvelden med «Morgen» av Richard Strauss? Formidla av konsertens dyktige trio i samspel var det eit nydeleg punktum på ei aldeles storarta musikkstund.

Trioen skapte ein rikhaldig konsert. Her i sluttnummeret «Morgen» av R. Strauss. Foto: Bernt BøeTrioen skapte ein rikhaldig konsert. Her i sluttnummeret «Morgen» av R. Strauss. Foto: Bernt Bøe

Stor musikalitet på edelt instrument. Anders med sin Testore-fiolin frå Mliano 1735 og med boge frå Paris 1850. Foto: Bernt Bøe

Mozarts «Laudamus» – eit høgdepunkt. Sigrid i vokalparti over to oktavar, Erling med orkesterstemmene utført på orgel. Foto: Randi BøeMozarts «Laudamus» – eit høgdepunkt. Sigrid i vokalparti over to oktavar, Erling med orkesterstemmene utført på orgel. Foto: Randi Bøe

Erling imponerte både med sitt spel og sine gode verbalinnslag. Foto: Bernt BøeErling imponerte både med sitt spel og sine gode verbalinnslag. Foto: Bernt Bøe

«O kühler Wald» av Brahms, med Erling og Sigrid. Foto: Bernt Bøe«O kühler Wald» av Brahms, med Erling og Sigrid. Foto: Bernt Bøe

Sigrid hadde fire songar av yndlingskomponisten Grieg. Foto: Bernt BøeSigrid hadde fire songar av yndlingskomponisten Grieg. Foto: Bernt Bøe

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Terje SundsbøDette er politikk gjennom Regjering og Storting.Det er ikkje noko Naturvernforbundet arbeider med, men vi registrerer kva rammeverk som er ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Geir Ole SætremyrDu svarer ikke på spørsmålet. Er det vanlig praksis i Naturvernforbundet?
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Terje SundsbøDu må adressere dette hos andre.
Terje Sundsbø 3 dager siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Geir Ole SætremyrPå Møreaksen betaler bilistene bompenger, på jernbane betaler passasjerene billett. Mitt spørsmål gjelder fortsatt:Hvorfor behandles lokal forankring og finansiering ulikt ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Anne Mari SandshamnSkålaveien var ikke et fergeavløsningsprosjekt, og mottok aldri offentlig støtte. Skålavegen ble bygget som en privat vei i regi av ...
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Terje SundsbøDer er ei forskell  Møreaksen skal delfinansierast via bompengar. Jernbane via passasjernbilett.80% staleg finansiering av Møreaksen.  Vesentlig statlig bidrag til finansiering ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse