Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Del på Facebook
Frank Sve, fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal FrP. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Frank Sve, fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal FrP. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Eg har drevet med samferdselspolitikk i meir enn 20 år og har aldri før sett eit samferdselsprosjekt som er så greinalaust dårleg at strategisjefen i Statens vegvesen til stadig må skrive lesarinnlegg og kronikkar samt lobbyere for Møreaksen.

 Det må vere eitt eller anna «muffins» angåande dette prosjektet, men det har eg for så vidt forstått lenge. 

Eg har fortsatt til gode å finne ein Sunnmøring, eller Nordmøring og innbyggarar i store delar av  Romsdalen, som springer etter eller vil gå i «fakkeltog» for å bruke 25-35 milliard kr til ny, «promenade» til Molde og gjennom Molde by, for 2300 bilar i døgnet  over Romsdalsfjorden.

Når Ålesund sine vegsystem i til dømes Vegsund- Blindheim med meir enn 20 000 bilar i døgnet står der heilt uten at Statens vegvesen levner dette ein tanke, blir det nærmast patetisk å høyre på Kjetil Strand i Statens vegvesen. 

Når næringslivet i Vegsundområdet som må bruke Veibustkrysset nærmast blir motarbeidd av STVV i årevis, blir det ikkje betre for desse store bedriftene at Kjetil Strand skriver kronikkar om Møreaksen, når han istaden burde bruke tida si på verkeleg problemområder på riksvegnettet her i fylket.

Eg trudde vi hadde politikarar for å drive politikk her i landet, og at administrasjon og byråkratar har si oppgåve på vegne av dei folkevalgte og folket.

 Aldri før har eg  opplevd at ein strategisjef i Statens vegvesen aktivt tar del i ein politisk debatt i eit enkelt vegprosjekt andre stadar i landet, og slett ikkje når dette er i total strid med folkemeininga.

 At dei som skal utføre dei administrative oppgåvene på vegne av dei folkevalgte, midt i debatten om ny nasjonal transportplan NTP, aktivt tar del i den offentlige debatten, gjer at heile Statens Vegvesen region midt blir mildt sagt inhabile.

Svært mange har kritisert kraftig Statens vegvesen region midt si rolleblanding, men det ser overhode ikkje ut til at Kjetil Strand og STVV region midt har evner til å forstår dette. 

Det skal bli interresant å sjå kva kontrollutvalget i fylket kjem fram til i si gransking av Møreaksen, og eg ser slett ikkje vekk ifrå at andre kontrollinstanser høgare i det statlege systemet tar fatt i denne saka etter kvart.

Eg har ihvertfall bestemt meg for å bringe denne saka og all «ureint trav» som er ikring Møreaksen saka inn for vår Stortingsgruppe slik at dette kan bringast vidare til dei statlege kontrollorgana. 

Eg er rett og slett så lut lei av påstandar og lobbyverksemd frå Statens Vegvesen region midt ang Møreaksen, at no er det nok.

 Dersom Møreaksen vert bygd, vil dette reise med vegmidlane her i fylket for mange tiår framover. 

Eit prosjekt her til 25-35 milliard kr fører til «totaltørke» for alle andre samferdselsprosjekt i resten av Møre og Romsdal fylke.

Vi har arbeidd og venta på 2 milliard kr for utbetring av Romsdalen i snart 30 år, og pengane har ikkje kome enda. Dersom Møreaksen stikk av med milliardane for 2300 bilar i døgnet, kva blir då igjen til resten av fylket? 

Når har Kjetil Strand i Statens vegvesen tenkt å skrive kronikkar om:

  • E-39  Blindheim–Breivika?
  • E-136 Romsdalen, fleire prosjekt?
  • E-39 Molde–Kristiansund?
  • RV 70 inn mot Kristiansund?
  • E-39 til Kanestraum?
  • E-136 Veblungsnes?
  • E-136 Lerstadvegen?
  • E- 39 Festøya–Volda?
  • E-136 Hjelviktunellen? 
  • E-135 Ørskogfjellet?
  • E-39/136 Brusdalen?
  • RV 70 fullføring?
  • RV 70 Sunndal til Oppland grense?
  • RV 70 Gråura?
  • E- 39/136 forbi Ørskog sentrum?
  • Borgundfjordtunellen?
  • E-136 Måndalen?
  • E-136 Innfjorden?
  • RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger?
  • Hafast?
  • Halsafjordkryssinga?
  • osv, osv?

Eg stiller spørsmålet om det er politiske kontakter, vennskap eller anna som gjer at Kjetil Strand og Statens Vegvesen region midt har slik lobby behov for «eit» prosjekt som tilfeldigvis går forbi kontorvinduet deira i Molde ? 

Nei, politikarar har si rolle, administrasjon og byråkratar har si rolle.  

Eg ynskjer at tilsette i Statens Vegvesen si leiing i region midt som skal drive politikk, at dei seier opp sine stillingar, og melder seg inn i eit politisk parti.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Anne Mari Sandshamn 6 timer siden Greinalause politikere om ferger
@Terje Sundsbø"fergefri strekning som er steng 0% av tiden?" hvor?? Ikke Freifjord tunellen, Ikke noen kjente undersjøiske tuneller er 100% åpne. ...
Terje Sundsbø 7 timer siden Greinalause politikere om ferger
@Geir Ole SætremyrMener du at mitt estimat om at fergebommen på sambandet Molde-Vestnes er stengt 85% av tiden er korrekt?Hvorfor er et ...
Geir Ole Sætremyr 9 timer siden Greinalause politikere om ferger
@Terje SundsbøFramleis er det tøvete argument i eit fergefylke. Dei som ikkje er i stand å planlegge etter ein fergetabell er ...
Terje Sundsbø 9 timer siden Greinalause politikere om ferger
@Geir Ole SætremyrJeg sier at hybridferger til Aukra og Sølsnes hjelper Otrøya lite. Du konkluderer da med at jeg slår meg til ...
Geir Ole Sætremyr 13 timer siden Greinalause politikere om ferger
@Terje SundsbøKommentaren din var at det hjelper lite Otrøya at der er kome hybridferjer på Aukra og Sølsnes.  Du føler deg ...
Terje Sundsbø 14 timer siden Greinalause politikere om ferger
@Geir Ole SætremyrHvor har jeg ytret noe om at Otrøya bør være fornøyd med ferge til evig tid? (Registrerer at du prøver ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse