Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Del på Facebook
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.

« Det kan faktisk sjå ut til at Helge Orten har berre ein tanke i hovudet ang Nasjonal Transportplan, og det er Møreaksen»

Orten stiller spørsmål om når eg har tenkt å forholde meg til Nasjonal Transportplan.

Realiteten er at det er faktisk det eg gjer, ved å påpeike det faktum at E-136 er fyrsteprioritet i Nasjonal Transportplan her i fylket, og at Møreaksen ligger i siste del av planen stort sett milevis frå fullfinansiering.

Det ser faktisk ut til at eg blir nødd til å sende Orten kopi av NTP. Då vil han kunne få med seg at der er fleire prosjekt her i fylket som er tidligare prioritert enn Møreaksen, og som også er meir økonomisk realiserbare.

I perioden 2018-2023 er det faktisk E-136 Flatmark-Monge- Marstein og Brustugelia-Rødstøl- Oppland grense, i tillegg til krabbefelt Ørskogfjellet blant anna som er prioritert.

Ingen av desse prosjekta har fått sine startløyvingar, og kampen innad i regjeringa må vere å få desse prosjekta starta opp.

Så er det slik, at det ikkje er Frank Sve aleine som ynskjer utgreiing av flytebruer og Romsdalsaksen, men eit samla fylkesårsmøte i Møre og Romsdal FrP gjennom vedtak der.

« Helge Orten kan berre halde seg for god til å forsøke å styre Møre og Romsdal FrP sin politikk»

Vi er godt vande med ein viss «høgrearroganse» men dette kan Orten og andre berre leggje av seg umiddelbart.

At vi som parti ynskjer å lytte til næringslivet og innbyggjarane her i fylket ang ulike samferdselsløysingar, og ny teknologi er fullstendig sjølvsagt for oss i FrP.

Vi vil utgreie flytebruer og Romsdalsaksen så raskt som råd, og håpar det nye fylkestinget vedtar dette i haust.

FrP vil gjere det vi kan også for å ta omkamp på bompeng/bypakkane til Høgre og andre her i fylket. Dette er verken uryddig eller skapar usikkerheit, men er eit klart krav frå folk flest mot denne ekstraskatten som bompengar faktisk er. Desse bypakkane ligger heller ikkje prioritert inne i verken NTP eller i fylket sitt investeringsprogram.

Dette er også ei sak som engasjerar store delar av befolkninga og næringslivet her i fylket og i resten av landet.

Ellers så snakkar også eg med samferdselsministeren og andre av våre regjeringsmedlemmar.

Men i vårt parti er det ikkje regjeringa som styrer vår politikk, det er det våre styrande organ slik som landsstyret og vårt landsmøte som gjer.

Derfor arbeidar eg og Møre og Romsdal FrP, mot bompengar og bypakkar, for utgreiing av flytebruer og Romsdalsaksen, uansett kva du eller dine i regjering måtte seie.

ntp

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 2 timer siden Greinalause politikere om ferger
@Geir Ole SætremyrTrist å se at en representant for Naturvernforbundet ikke forstår det han leser. Jeg sier at fylkeskommunen setter krav til ...
Geir Ole Sætremyr 4 timer siden Greinalause politikere om ferger
@Terje SundsbøDet er du som påstår at fylkeskommunen ukritisk aksepterer fergeselskapa sine luner. Men, det er positivtat du slår deg til ro ...
Terje Sundsbø 5 timer siden Greinalause politikere om ferger
@Geir Ole SætremyrDu får be Frank Sve (Frp) om en fullstendig forklaring. Det hjelper lite for Otrøya at det kommer hybridferger til Gossen ...
Geir Ole Sætremyr 20 timer siden Greinalause politikere om ferger
@Terje SundsbøDette er ufullstendig.I fleire samband blir det stilt krav om hybridløysingar, altså batteridrift som berande framdrift. Dette gjeld mellom anna ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Greinalause politikere om ferger
Frank Sve (Frp) synes å tro at det er fylkeskommunen som bestiller fergene. Det er feil og det burde Sve, ...
Geir Ole Sætremyr 7 dager siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Terje SundsbøSamferdselskomiteen er ikkje SD, og Lien hevder at elbilar lader både oppover og nedover bakke. Kor mykje makt har Sp?
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse