Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Del på Facebook
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ser i ulike innlegg at enkelte forsøker å gje FrP skulda for bompengar rundt omkring i landet, noko som er så hinsides greinalaust at eg nesten ikkje har ord.

Kva skjer til dømes her i fylket? Vi kan til dømes ta bypakkar.

Eg og FrP her i fylket har kjempa med nebb og klør mot dette i mange år, og faktisk klart å stoppe innføring av bompengar fram til no. «Vi skal ikkje ha Oslotilstandar her i fylket, med bompengar i tusenvis av kroner»

Kva med dei andre partia?

Høyre, og Anders Riise: Eit av dei partia som kjempar mest for bompengar på stort sett alle prosjekt her i fylket, men vi har klart å stoppe dei i eiga regjering ang fleire prosjekt her i fylket, så langt.

Sp, og Kristin Sørheim: Dei er også for bompengar i alle saker, men forsøker å lure innbyggjarane til å tru noko anna, ved at leiaren i partiet forsøker å gje oss skulda for noko dei sjølv pressar på å gjennomføre i heile landet.
Trygve Slagsvold Vedum er ekspert til å forsøke å lure folk til å ikkje oppdage kva dei sjølve har vedtek og stemmer for.

KrF og Venstre: Fullstendig på viddene ang bompengar, og seier stort sett aldri NEI.

Ap ved Tove Lise Torve: Skulle nesten tru at bompengar var ein eigen «religion» i Arbeidarpartiet, klarer ikkje å snakke om vegbygging, utan at bilistane skal «loppast»for enorme summar i bompengar.

SV, MDG osv: Gidd egentlig ikkje å bry meg om desse partia, då dei for lengst har vist at dei gjer alt dei kan for å stoppe utviklinga her i fylket, ved å vere imot alt som har motor, eller har med veg å gjere.

Sunnmørslista: Her har dei faktisk klart å framstå nesten heilt i toppen ang innføring av bompengar og skattar og avgifter for folk flest. I Ålesund og bypakken, er det ikkje «gale nok med svindyr bypakke» men dei skal jaggu også pålegge avgift for bilistane med GPS og vegprising. Jøye meg.
Men, dette har heldigvis regjeringa stoppa for lengst, så dette kan Sunnmørslista berre gløyme fyrst som sist.

Nordmørslista: Veit eg egentlig ikkje heilt kvar eg har dei, men dei har nok stemt for bompengar i bompakkane her i fylket.

Kva har vi i FrP her i fylket gjennom årevis kamp mot bompengar, faktisk oppnådd?

Vi har her i fylket pr i dag heldigvis lite bompengar. Vi stoppa bompengar på FV Røyr–Hellesylt, får det heller ikkje på Rassikringa av Eidsdal–Geiranger, stoppa dette også på prosjekta på E-136 i Romsdalen og utbygginga av Rv 70.

Eg og FrP stoppa gigantbypakke på 4,6 milliard kr i Ålesund, og den bompengepakken som no er kome opp i svimlende 6,7 milliard kr skal stoppast igjen, ver du sikker! Det same gjelde bompengepakkar både i Molde og Kristiansund, er faktisk mulig å bygge veg utan denne ekstraskatten som bompengar faktisk er.

Nordøyvegen får bompengar, men der var underskriftskampanje frå alle innbyggjarane og næringslivet som skal bruke vegen, som ynskjer å betale, Ok for oss då. Også grunnlaget at det faktisk i realiteten er alternativet med omlag same ferjebiletten til evig tid.

Så, kven kan dokke stole på ang bompengar, og motstanden mot dette?

Dokke har kun eit valg her i Møre og Romsdal, og det er FrP.

Så er det berre å slutte å snakke om bompengar som vi i regjering må svelge nederlag på rundt omkring i landet. Vi gjer så godt vi kan der også, aldeles aleine mot ABSOLUTT alle andre parti, både i regjering og ellers – her i fylket skal vi ikkje ha «Oslotilstandar» ang bompengar, og det er dokka eige valg til hausten kven dokke stemmer på.

FrP her i fylket er til å stole på ang motstanden mot bompengar!

Det er ivertfall «ferdig snakka».

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Klippfiskadagan 2024
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 30 minutter siden Greinalause politikere om ferger
@Terje SundsbøEg tvilar ikkje på at du kan bruke Excel. Sjøl om ein nyttar 5% av programvaren kan ein få ut ...
Anne Mari Sandshamn 17 timer siden Greinalause politikere om ferger
@Terje Sundsbø"fergefri strekning som er steng 0% av tiden?" hvor?? Ikke Freifjord tunellen, Ikke noen kjente undersjøiske tuneller er 100% åpne. ...
Terje Sundsbø 17 timer siden Greinalause politikere om ferger
@Geir Ole SætremyrMener du at mitt estimat om at fergebommen på sambandet Molde-Vestnes er stengt 85% av tiden er korrekt?Hvorfor er et ...
Geir Ole Sætremyr 19 timer siden Greinalause politikere om ferger
@Terje SundsbøFramleis er det tøvete argument i eit fergefylke. Dei som ikkje er i stand å planlegge etter ein fergetabell er ...
Terje Sundsbø 20 timer siden Greinalause politikere om ferger
@Geir Ole SætremyrJeg sier at hybridferger til Aukra og Sølsnes hjelper Otrøya lite. Du konkluderer da med at jeg slår meg til ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Greinalause politikere om ferger
@Terje SundsbøKommentaren din var at det hjelper lite Otrøya at der er kome hybridferjer på Aukra og Sølsnes.  Du føler deg ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse