Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Del på Facebook
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Frp og Høgre innførte frå nyttår dramatiske kutt i den vidaregåande skulen. Utdanningsforbundet ropar varsku, og elevar i heile fylket kjem til å få eit dårlegare tilbod på skulen. No må fleirtalspartia Frp, Høgre, Venstre og KrF ta ansvar for eigen politikk!

Frp sin gruppeleiar på fylkestinget uttalte i førre veke at «ikke ett hårstrå skal flyttes fra elevene», samstundes som hans eige parti har stått i førarsetet for å kutte opp mot 90 millionar kroner i den vidaregånde skulen. Det heng ikkje på greip. Ein kuttar ikkje i snitt 4-5 årsverk i snitt på alle dei vidaregåande skulane utan at det går utover elevane. Vidare kan elevar vente seg eit svært nedskalert bibliotek- og kantinetilbod, slutt på klasseturar og andre ekskursjonar, kutt i internasjonaliseringsprosjekt, avslutta avisabonnement og slutt på vikarlærarar. I alle tilfelle går kutt i skular fyrst og fremst utover elevane. Kanskje det er på tide at Frp og Høgre byrar å ta ansvar for eigen politikk og byrjar å lytte til folk?

Politikk er ikkje noko som skjer på eit møterom i Molde, eller som berre er tekst og tal på eit papir. Politikken som Frp og Høgre i fylket fører går utover alle innbyggjarane i fylket kvar dag. Likevel maktar ikkje posisjonen i Møre og Romsdal, ved Frp, Høgre, Venstre og Krf, å ta innover seg dei realpolitiske konsekvensane av vedtaka dei fattar. Når ein høyrer om elevar som berre sidan nyttår har mista 20 timar med undervisning fordi skulen ikkje har sett inn vikar er det faktisk dei styrande politikarane sitt ansvar.

I eit fylke der så mange som 19,7 % av alle innbyggjarane i yrkesaktiv alder står utanfor jobb og utdanning (2022-tal, kjelde: NAV), er det altså barn og unge som er salderingsposten. Førebygging og styrking av laget rundt eleven er noko av det viktigaste vi kan gjere for å få til inkludering. Likevel er det viktigare for Frp og Høgre med litt meir asfalt enn å sikre god opplæring for barn og unge som går på vidaregåande.

Med all respekt - politikarane i fleirtalspartia hadde hatt godt av å ta steget ut frå møteromma og inn i verkelegheita. Dei siste vekene har eg reist rundt og snakka med elevar og lærarar i alle delar av fylket som seier det same: At dei er bekymra for dei store kutta i vidaregåande opplæring. Under møtet i Kompetanse- og næringsutvalet vart det torsdag klart at det vil kome til å skje brot på lovar og reglar for å klare å oppfylle kuttkrava til Frp, Høgre, Venstre og Krf. Kva lov er det som er minst viktig for posisjonen å overhalde?

Dersom Senterpartiet hadde hatt fleirtal på fylkestinget i desember i fjor, ville vidaregåande opplæring fått 130 millionar kroner meir å rutte med enn under dagens Frp- og Høgre-styre. Det har faktisk noko å seie kven som styrer. No må fleirtalspartia ta innover seg dei store konsekvensane deira kutte- og sentraliseringsbudsjett får for barn, unge og tilsette i heile fylket.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 1 dager siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Terje SundsbøSamferdselskomiteen er ikkje SD, og Lien hevder at elbilar lader både oppover og nedover bakke. Kor mykje makt har Sp?
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Terje SundsbøKva med den gamle tanken om Reknes og bytunell?Og bypakke på linje med Ålesund og Kristiansund?Eller har tilliten til Møreaksen ...
Terje Sundsbø 1 dager siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Geir Ole SætremyrDu leser ikke de linkene jeg gir deg, gjør du? Da vil du se at det ikke er lokale politikere ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Terje SundsbøNo er det ein gang slik at det var SVV som ikkje fann rom for Møreaksen i si innstilling til ...
Terje Sundsbø 2 dager siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Geir Ole SætremyrEn av konsekvensene av en utsettelse av Møreaksen er flytting av fergeleiet ut fra sentrum av Molde. Denne flyttingen har ...
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Terje SundsbøBare å kaste korta dine.Du har gått surr i virvaret av premisser.
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse