Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Pressemelding fra MR Fylke
Artikkel
25 september 2018 10:58
Del på Facebook
Det er ulovleg og staffbart å grave i område med freda kulturminne. Her frå Klosterhaugen på Herøy gard.  Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Det er ulovleg og staffbart å grave i område med freda kulturminne. Her frå Klosterhaugen på Herøy gard.  Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

– Det kan sjå ut som at stadig fleire brukar metalldetektorar til skattejakt i naturen, og dei siste to åra har vi opplevd at det har blitt grove i område med freda kulturminne. Det er viktig at folk kjenner til at dette er ulovleg og straffbart, seier Arve Nytun, arkeolog i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Nytun viser til at i sommar vart to personar med metalldetektor observert på det automatisk freda kulturminnet «Klosterhaugen» på Herøy gard i Herøy kommune. Det vart påvist fleire hol i bakken etter graving, klart i strid med lovverket.

Lovbrota er meldt til politiet
– Kulturminnet på Herøy gard som er ei hustuft, truleg frå mellomalderen, har nyleg blitt skilta gjennom eit samarbeid med lokale aktørar og fylkeskommunen.– Det tyder på at lovbrotet var målretta. Møre og Romsdal fylkeskommune vart varsla og saka er meldt til politiet, seier Nytun.

Dette er ikkje første gongen personar med metalldetektorar har grove i kulturminne som er freda. I fjor vart det påvist over 100 spadehol på dei gamle kyrkjegardane og i kjøpstadsområdet på Veøya i Romsdal. Saka er framleis under etterforsking. Nytun fortel at det er eksempel på at folk har vorte dømt for brot på Kulturminnelova. Mellom anna vart ein mann frå Vestfold dømt i høgsterett til ubetinga fengselstraff fordi han ikkje meldte frå om kulturminne han fant då han søkte med metalldetektor.

Graving øydelegg historisk materiale
Dette er to saker der ein heilt klart har gått etter funn i område som er freda etter kulturminnelova.
– Kulturminna fungerer som arkiv, og uvettig graving i dei er svært øydeleggande. Graving kan øydelegge arkeologiske kontekstar som i framtida kan gi ny informasjon om historia, seier Nytun.

Godt samarbeid med metalldetektormiljøet
– Vi har ein god dialog med metalldetektormiljøet, og samarbeider ofte med dei, mellom anna ved arkeologiske registreringar. Det er derfor svært trist at andre igjen går på tvers av lovverket og tek seg til rette ved å leite på automatisk freda kulturminne, seier Nytun.

Vil tilby kurs
– Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker styrke det framtidige samarbeidet med metalldetektormiljøa, og utvikle kurs og arenaer for erfaringsdeling. På denne måten kan dei som har denne interessa, få kunnskap om reglar og retningslinjer ved slike søk, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Klosterhaugen paa Heroey gard i Heroey kommuneKulturminnet på Herøy gard som er ei hustuft, truleg frå mellomalderen, har nyleg blitt skilta. Foto: Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 1 dager siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Terje SundsbøSamferdselskomiteen er ikkje SD, og Lien hevder at elbilar lader både oppover og nedover bakke. Kor mykje makt har Sp?
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Terje SundsbøKva med den gamle tanken om Reknes og bytunell?Og bypakke på linje med Ålesund og Kristiansund?Eller har tilliten til Møreaksen ...
Terje Sundsbø 1 dager siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Geir Ole SætremyrDu leser ikke de linkene jeg gir deg, gjør du? Da vil du se at det ikke er lokale politikere ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Terje SundsbøNo er det ein gang slik at det var SVV som ikkje fann rom for Møreaksen i si innstilling til ...
Terje Sundsbø 2 dager siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Geir Ole SætremyrEn av konsekvensene av en utsettelse av Møreaksen er flytting av fergeleiet ut fra sentrum av Molde. Denne flyttingen har ...
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Terje SundsbøBare å kaste korta dine.Du har gått surr i virvaret av premisser.
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse