Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Del på Facebook
Gunnhild V. Bøe, Bernt Bøe og Kirsten Baadnæs Bøe i styret ønskjer velkomen til ny sommarsesong. Gunnhild har soddgryta klar søndag, Bernt lovar tema frå sjø og land utover sommaren og Kirsten anbefaler både dialekthefte og terrengturar. Foto: Bernt G. Bøe
Gunnhild V. Bøe, Bernt Bøe og Kirsten Baadnæs Bøe i styret ønskjer velkomen til ny sommarsesong. Gunnhild har soddgryta klar søndag, Bernt lovar tema frå sjø og land utover sommaren og Kirsten anbefaler både dialekthefte og terrengturar. Foto: Bernt G. Bøe

Middag og lokale terrengnamn står på menyen når Bøfjorden Sjøbruksmuseum startar sommarsesongen søndag 25. juni.

Museet byr på utstillingar, kaffe og posten «Dagens tema» kvar søndag fram til september. På opningsdagen og eit par søndagar seinare blir det også middag.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Variert temaliste

Temalista har titlar som «Heimspråket», «Livet ombord», «Hyldbakk og Megard» - eit dobbelt 125-årsjubileum, «Gammelveg og bureising», «Gründaren Hans Bævre», «Seterliv», «Hobbydag» og lokal «Bokdag». Attåt kjem visesongaren Per Årsund og på avslutningsdagen musikkgruppa Hjemmelaget.

«Turar og terrengnamn» er tema for biletkåseriet på opningsdagen. Saman med Bøfjord IL står historielaget bak trimopplegget «Turar i Bøfjorden» og informasjonsheftet om dei 26 merka turane i den vakre naturen.

Finansisert med kaffe og lodd

På opningsdagen byr kjøkenet på middag (sodd) og sjølsagt kaffe. Sesongutlodninga startar med eit gevinstbord som vil vekse frå søndag til søndag etter kvart som firma og private gir sine gåver.

Bøfjorden Historielag, som driv museet, har ikkje fast offentleg stønad. Det er kaffe- og loddsalget som held museet i gang som den populære kulturinstitusjonen og møteplassen det er.

Kyrkjebåten «Hjelmkonnå»

Historielaget er også eigar og drivar av den klassiske kyrkjebåten «Hjelmkonnå» og minner om at den er til leige for interesserte. Søndag 2. juli inviterer laget til å bemanne båten for roing frå Bøfjorden til friluftsgudstenesta i Åsskardvågen.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Mange besøkjer «puben»

Ein formidabel dugnadsinnstas frå frivillige i bygda held museet i gang. Museet er puben i bygda. Oppslutninga om søndagane har alltid vore god - med ein liten svikt som følgje av koronapandemien. Ein reknar i år med å nå gamle høgder - eit snitt på langt over 50 frammøtte.

Og søndag kan altså besøkande innta både middag, ettermiddagskaffe og eit kåseri med flotte naturbilete og talande terrengnamn.

Mer informasjon om arrangementene blir lagt ut på organisasjonens Facebook-side.

Lagets inntekter kjem frå salget av bakels, kaker og kaffe og frå sesongutlodninga. Gevinstane her, og mange fleire, blir trekte på «balldagen» 3. september, fortel Gunnhild V. Bøe og tante Kirsten Baadnæs Bøe i kjøkenluka. Foto: Bernt G. BøeLagets inntekter kjem frå salget av bakels, kaker og kaffe og frå sesongutlodninga. Gevinstane her, og mange fleire, blir trekte på «balldagen» 3. september, fortel Gunnhild V. Bøe og tante Kirsten Baadnæs Bøe i kjøkenluka. Foto: Bernt G. Bøe

Du kan både avtale leige og delta som roar på «Hjelmkonnå» – som under kyrkjeturen 2. juli, seier Bøfjorden Historielag. Foto: Bernt G. BøeDu kan både avtale leige og delta som roar på «Hjelmkonnå» – som under kyrkjeturen 2. juli, seier Bøfjorden Historielag. Foto: Bernt G. Bøe

Foto: Bernt G. BøeFoto: Bernt G. Bøe

Foto: Bernt G. BøeFoto: Bernt G. Bøe

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 1 dager siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Terje SundsbøSamferdselskomiteen er ikkje SD, og Lien hevder at elbilar lader både oppover og nedover bakke. Kor mykje makt har Sp?
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Terje SundsbøKva med den gamle tanken om Reknes og bytunell?Og bypakke på linje med Ålesund og Kristiansund?Eller har tilliten til Møreaksen ...
Terje Sundsbø 1 dager siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Geir Ole SætremyrDu leser ikke de linkene jeg gir deg, gjør du? Da vil du se at det ikke er lokale politikere ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Terje SundsbøNo er det ein gang slik at det var SVV som ikkje fann rom for Møreaksen i si innstilling til ...
Terje Sundsbø 1 dager siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Geir Ole SætremyrEn av konsekvensene av en utsettelse av Møreaksen er flytting av fergeleiet ut fra sentrum av Molde. Denne flyttingen har ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Terje SundsbøBare å kaste korta dine.Du har gått surr i virvaret av premisser.
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse