Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Del på Facebook
Foto: Kurt Helge Røsand / KSU.NO
Foto: Kurt Helge Røsand / KSU.NO
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Er du 10. klassing og lurer på kva du skal velje? Her er ein spennande og fleksibel moglegheit som du bør vurdere. Om du tar yrkesfag, kan du vere i jobb etter berre fire år!

Og etter åra med yrkesfag har du fått ein kompetanse som næringslivet forventar – og som dei i mange tilfelle skrik etter. Arbeidslivet i Møre og Romsdal etterspør personar som har gjennomført yrkesfagleg utdanning. Og behovet ser ut til å auke i åra framover: Den store utfordringa til arbeidsmarknaden i tiåra framover blir å skaffe nok kompetent arbeidskraft.

Annonse
Annonse

Søknadsfrist 1. mars

Det er veker igjen til 1. mars og søknadsfrist for vidaregåande opplæring. Rundt om på ungdomsskolane i fylket, og i mange heimar, blir det jobba for å gjere elevane bevisst på kva retning dei skal ta etter ungdomsskolen. Studieførebuande opplæring, som fører fram til studiekompetanse? Eller yrkesfag, som førar fram til yrkeskompetanse med fagbrev/sveinebrev?

Tre år med studieførebuande gjer deg klar for vidare studiar. Tre eller fire år med yrkesfag gjer deg klar for yrkeslivet – eller klar for vidare studiar med viktig erfaring og opplæring i bagasjen. Det er grunn til å framsnakke yrkesfagleg utdanning: Med yrkesfag får du i både pose og sekk!

Tre års rett til opplæring

Noreg er det einaste landet i verda der elevane etter grunnskolen har tre års rett til opplæring. Retten til opplæring er absolutt, og fylka skal gi tilbod om opplæring til alle som har retten.

Yrkesfagleg utdanning er utdanning til eit yrke, som igjen gjer ein kompetent til utøving av eit yrke. Dei fleste retningane innan yrkesfagleg utdanning er ein kombinasjon av skole og opplæring i bedrift.

Ti utdanningsprogram

I Møre og Romsdal er det mogleg å gjennomføre opplæring i ti utdanningsprogram med yrkesfagleg innhald:

  • Bygg- og anleggsteknikk
  • Elektro og datateknologi
  • Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign
  • Handverk, design og produktutvikling
  • Helse- og oppvekstfag
  • Informasjonsteknologi og medieproduksjon
  • Naturbruk
  • Restaurant- og matfag
  • Sal, service og reiseliv
  • Teknologi- og industrifag

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Søkartala dei siste åra viser at stadig fleire av dei unge vel yrkesfag. Sist haust var det 58 prosent av elevane som søkte yrkesfag og 42 prosent studieførebuande opplæring. Hausten 2019 var tala høvesvis 54 og 46 prosent.

Annonse
Annonse

Får ein rett til påbygging

Mange bransjar samarbeider med utdanningsinstitusjonane og kan tilby ein føreseieleg opplæring og ein føreseieleg yrkesutøving. Ei av moglegheitene er at alle som avlegg fag- eller sveinebrev med bestått, har rett på tilbod om skuleåret «Påbygging til generell studiekompetanse». Elevar som går denne vegen gjer det normalt svært godt: Statistikken visar at dei som har tatt fag-/sveinebrev aukar bestått-resultatet med 20 prosent samanlikna med elevar som går direkte frå vg2 til påbygging. Modninga og erfaringa har gjort dei meir robuste, meir vaksne og meir motiverte – og også meir klare for yrkeslivet.

Fleksibilitet for eleven

Yrkesfagleg utdanning blir i dag gjennomført med stor grad av fleksibilitet. Ein tar omsyn til særskilde behov og å legge til rette for ein utvida måloppnåing. Dette kan vere å legge til rette gjennom lærekandidatordninga.

YSK, som står for kombinasjonen yrkes- og studiekompetanse, fører fram til dokumentert yrkes- og studiekompetanse etter fire år. Det blir tilbydd på nokre utvalde skolar i fylket.

I Noreg er alle omfatta av rett til tre års vidaregåande opplæring. Cirka halvparten søker og gjennomfører treårig allmennfagutdanning, den andre halvparten søker og gjennomfører utdanning/opplæring i yrkesfag. Opplæring i yrkesfag blir for dei aller fleste gjennomført etter hovudmodellen. Hovudmodellen er også kalla «to pluss to-modellen». Det er to år i skole etterfølgt av to års opplæring i bedrift (lærekontrakt). Det er fleire moglegheiter til å gjennomføre opplæring, men 80 prosent gjennomfører opplæringa i yrkesfag etter hovudmodellen.

Sjekk ut vilbli.no

Er du framleis usikker på kva du skal velje? Vi anbefaler nettstaden vilbli.no, som er ei informasjonsteneste for søkarar til vidaregåande opplæring. Her ligg oppdatert og kvalitetssikra informasjon om vidaregåande opplæring til ei kvar tid. På grunnlag av denne informasjonen skal søkarane kunne gjere sine val.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Klippfiskadagan 2024
Annonse
Klippfiskdagan 2024

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 11 timer siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Terje SundsbøDette er politikk, ikke konspirasjon.Grunngjevinga for å sette Møreaksen,  saman med Hordfast,  i ei utviklingsportefølje med formål om å gjere ...
Terje Sundsbø 14 timer siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Geir Ole SætremyrMøreaksen er gjennomførbar. Men pengene i NTP er overført til jernbane på Østlandet, for at finansminister og samferdselsminister skal kunne ...
Bernt Øien 1 dager siden Haga på luftballongferd
En meget god betraktning over hva som skjer i Norsk Energipolitikk. 
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Terje SundsbøJa, men det er denne strekninga som er plassert i utvikliingsporteføljen for å finne ei enklere løysing.Slik det ligg i ...
Terje Sundsbø 2 dager siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Geir Ole SætremyrJeg snakker om artikkelen her, som du kommenterer.Møreaksen har raskest trasé via Otrtøya. Dermed blir Otrøya fergefri uten ekstra kostnad. 
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden E39 – Livsnerven på Vestlandet
@Terje SundsbøEg har ikkjetilgang til artikkelen så eg veit ikkje kva forenkling det er snakk om.Å bygge fastlandssamband til Otrøya til ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse