Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Jenny Klinge
Ytring
14 september 2018 13:11
Del på Facebook
Jenny Klinge, Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet. Foto: Bernt Sønvinsen
Jenny Klinge, Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet. Foto: Bernt Sønvinsen
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er påfallande korleis folk frå regjeringspartia stadig overser følgjene av si eiga politireform. Haustens strategi blant justispolitikarane frå Høgre er tydelegvis å påstå at vi som er kritiske til politireforma driv med svartmåling. Dessverre tener desse påstandane frå Høgre mest til å bagatellisere reelle problem i politietaten. Dei nektar rett og slett å ta noko som helst ansvar for det som går føre seg i politi-Noreg, og skuvar alt av problem over på prioriteringar gjort av politiet sjølve.

Førebels er det Guro Angell Gimse og Peter Frølich som har vore indignerte over kritikken mot politireforma frå oss i Senterpartiet. Begge sit i justiskomiteen for Høgre. Gimse meiner det er useriøst av oss å dra inn politireforma når problem i politiet stadig dukkar opp i media. Ho presterer vidare å samanlikne politireforma med Post i butikk. «Det var kraftig motstand mot dette, men nå 17 år etter, blir dette suksesserklært», seier ho til ABC Nyheter.

Her er det jo noko som skurrar. Ei reform som handla om å leggje ned postkontor og opprette posttilbod i butikkar med (ofte) lengre opningstider enn dei tidlegare postkontora kunne tilby, er ein ting. Noko anna er det når over 120 lensmannskontor blir nedlagte. Den store avstandsauken mange stader blir ikkje kompensert verken med lengre opningstider eller meir bemanning på mange av dei gjenverande kontora. Og heller ikkje med ei monaleg auke i talet på politipatruljar. Alt dette skulle vi kunne forvente utifrå lovnader som regjeringspartia tidlegare kom med.

Post i butikk fungerer godt mykje fordi bruken av post har gått mykje ned. Behovet for å få politi på plass raskt oppstår no og då i heile landet. Då handlar det gjerne om liv og helse og om å sikre spor og verdiar. Det er såleis verdt å minne Gimse om at beredskap og folks tryggheit er viktigare enn  postgangen.

Vi har stadig fått rapportar om at politireforma no i gjennomføringsfasen har ført til redusert tenesteproduksjon i politiet. Det er ikkje svartmåling når vi i Senterpartiet peikar på at ein del av denne reduksjonen truleg vil vare ved også i framtida. Lengre avstandar, mindre lokal førebygging og dårlegare kontakt mellom politiet og innbyggjarane i store delar av landet har sine konsekvensar. Det er verdt å merke seg når Bergensavisen på leiarplass skriv: «Klart Høyre må svare for fiasko-reformen.» Dessverre vil problema i politiet truleg berre auke i omfang medan Frølich, Gimse og regjeringa deira held fram med å bagatellisere.

Jenny Klinge
Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 3 dager siden Brobygging
Når fergeleiet flyttes ut fra sentrum av Molde, blir fortsatt ferge et enda dårligere alternativ. Hva sier folket på Vestnes ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Køkultur og samferdsel – Romsdal må våkne
@Terje SundsbøNo er "gjeldande " NTP i ferd med å gå ut på dato. Og, strekninga Ålesund til Molde er
@Geir Ole SætremyrMøreaksen er blant de høyest rangerte prosjektene basert på netto nytte pr. investert krone i gjeldende NTP. Få andre har ...
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Køkultur og samferdsel – Romsdal må våkne
@Terje SundsbøEg forstår at enkelte drøymer om å lese dette inn i dei signala som er gitt. Men, det er ikkje ...
@Geir Ole SætremyrSamferdselsministeren vil utrede om det kan bli en mindre økonomisk belastning om Møreaksen deles opp i flere trinn. Han ønsker ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse