Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Jenny Klinge, Senterpartiet
Ytring
21 juni 2018 13:24
Del på Facebook
Jenny Klinge, Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet. Foto: Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet
Jenny Klinge, Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet. Foto: Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det kjem stadig rapportar om at folk ikkje får tak i politiet på telefon. Dersom nokon vil melde frå om ei kriminell handling og ringjer nødnummeret 112, får dei skarp beskjed om at dei har ringt til feil nummer og blir bedt om å ringje 02800. Dette er forståeleg. Sjølvsagt vil politiet at folk berre skal ringje 112 når det verkeleg står på. Problemet er berre at folk ikkje kjem gjennom i rimeleg tid på politiets nummer 02800. For enkeltpersonar som oppdagar alvorlege kriminelle handlingar, kan det dessutan vera vanskeleg å vurdere kva nummer som eignar seg best å ringje i den gitte situasjonen. Då er det uakseptabelt at det ikkje er raskt svar å få på nummer 02800. Særleg fordi den såkalla nærpolitireforma skulle sørgje for meir tilgjengeleg politi i heile landet.

Den blå-blå regjeringa og stortingsfleirtalet vedtok i 2015 ei reform som innebar at om lag 125 lensmannskontor etter kvart skulle leggjast ned. Med langt fleire politipatruljar og betre organisering av etaten skulle politiet likevel bli nærare og meir tilgjengeleg. Dette har ikkje skjedd, og det er ingen grunn til å tru at det vil skje heller. Samtidig som dagens regjering forsvarer ei massiv nedlegging av lensmannskontor, forsvarer dei at det ikkje har kome nemneverdig fleire politipatruljar på plass.

Fleire politidistrikt slit med bemanninga. Snart skal òg passtenesta flyttast langt vekk frå mange lokalsamfunn. Utviklinga går i ei retning: Avstandane til politiet og tida for å få svar aukar. Vi i Senterpartiet godtek ikkje dette. Politiet må få betre kapasitet til å ta i mot telefonar frå publikum. Vi ønskjer å sørgje for nok ressursar og ei organisering som sikrar at innbyggjarar i heile landet får eit nært og tilgjengeleg politi.

Jenny Klinge
Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Hans-Peter Kaaresen 1 timer siden Fylkesøkonomien og fergeavløsningsprosjekter
@Terje SundsbøFylkeskommunen har adskillig flere "alvorlige" (som du skriver) problemer enn Møreaksen å ta seg av.  Særinteressene i Møreaksen har splittet ...
Geir Ole Sætremyr 5 timer siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
Naturvernforbundet deltok som tilhøyrar på konferansen vel vitande at dette var lobbyverksemd.Vi var der for å plukke opp styringssignal, først ...
Geir Ole Sætremyr 5 timer siden Fylkesøkonomien og fergeavløsningsprosjekter
@Terje SundsbøEnten det er Stortinget si samansetning, eller det er meir eller mindre nøytrale meiningsmålingar så er det til sjuande og ...
Terje Sundsbø 11 timer siden Fylkesøkonomien og fergeavløsningsprosjekter
@Geir Ole SætremyrStortinget er ikke basert på meningsmålinger, men på valgresultat. Partiene Høyre, Senterpartiet, Venstre, KrF og Arbeiderpartiet prioriterte Møreaksen under NTP-behandlingen ...
Geir Ole Sætremyr 16 timer siden Fylkesøkonomien og fergeavløsningsprosjekter
@Terje SundsbøEg forstår godt kva som skjer og har skjedd.Møreaksen vart handsama som ei strekning heile tida, men vart framdriftsmessig splitta ...
Terje Sundsbø 17 timer siden Fylkesøkonomien og fergeavløsningsprosjekter
@Frode HeimenMeget bra forklart. Den som ikke skjønner dette, fordtår rett og slett ikke sammenhengen. I alle fall hvis de fortsatt ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse