Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Redaksjonen
Artikkel
25 april 2018 14:40
Del på Facebook
Roger Osen håpar at mange tar turen til Smøla 23. juni, og blir med på å markere opninga av Kystpilegrimsleia.
Roger Osen håpar at mange tar turen til Smøla 23. juni, og blir med på å markere opninga av Kystpilegrimsleia.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I en pressemelding fra Møre og Romsdal Fylke, inviteres publikum til åpning av Kystpilegrimsleia  på Smøla 23. juni 2018:

Frå viking til pilegrim: Båtkortesje med historiske fartøy, intervju med Hans Erik Dyvik Husby og pilegrimsvandring på Edøy og til Kulisteinen, er noko av det du kan oppleve under den nasjonale opninga av Kystpilegrimsleia på Smøla 23. juni.

-I år skal opninga av Kystpilegrimsleia bli markert langs heile kysten, men hovudarrangementet skal vere på Smøla. Kystpilegrimsleia er seglingsleia frå Stavanger til Trondheim, som vart brukt av pilegrimmane i mellomalderen. Dette blir eit nytt reiselivsprodukt med både innhald og meining, seier ordførar i Smøla Roger Osen.

Saman med biskopen i Møre og fylkesordførar Jon Aasen sender Osen no ut invitasjonar til gjestar i heile landet. -Men arrangementet er ope for alle, seier Osen og legg til at han håpar det kjem mykje folk til Edøy og Kuli denne laurdagen.

Frå viking til pilegrim
Arrangementet startar kl. 13.30. På det innhaldsrike programmet står mellom anna ei båtkortesje med historiske fartøy, arrangement i amfiet på Gurisenteret og song frå Fru Guri av Edøy.

Artisten og skodespelar Hans-Erik Dyvik Husby, kjent frå gruppa Turboneger, vil bli intervjua av biskop Ingeborg Midttømme. Husby har ei rolle i årets utgåve av Fru Guri, og har ei sterk personleg historie.

Kulisteinen – Noreg sin dåpsattest
Kulisteinen er ein viktig del av arrangementet og pilegrimshistoria. Runeinnskrifta på Kulisteinen, er datert til 1000-tallet, og blir rekna som Norge sin dåpsattest fordi det er første gong vi veit at namnet «Noreg» er brukt på norsk jord. Kulisteinen er også eit av dei tidlegaste bevisa for Kristendommen sin eksistens i Noreg, og er ei direkte datering av innføringa av kristendommen.

Meir enn ein pilegrimstur
-Laurdag 23. juni er sankthansaftan. Smøla skal fylle dagen med eit sterkt og godt innhald, lovar ordførar Roger Osen. Men for dei som ønsker sankthansfeiring , så blir det også sjanse for det. Edøy grendelag inviterer til bål og trekkspillmusikk etter arrangementet.

-No håpar vi at mange tar turen til Smøla 23. juni, og blir med på å markere opninga av eit heilt spesielt reiselivsprodukt, avsluttar han. 

Fylkesordfoerar Jon Aasen og biskop Ingeborg Midtoemme copyFylkesordførar Jon Aasen og biskopen i Møre, Ingeborg Midtømme inviterer til opning av Kystpilegrimsleia

Kva er kystpilegrimsleia?

Kystpilegrimsleia er eit samarbeidsprosjekt mellom fem fylkeskommunar og fire bispedøme frå Rogaland i sør, til pilegrimsmålet Nidaros (Trondheim) i nord og Riksantikvaren.

Målet med Kystpilegrimsleia er å ta opp att og bruke mellomalderen si seglingslei frå Stavanger til Trondheim som eit miljøvenleg og berekraftig reiselivsprodukt. Langs heile kystleia finn vi kyrkjer og heilagstader, spor etter den tidlege kristninga av landet, kongsgardar og tingstadar, gamle handelstadar og fyrstasjonar, i tett sameksistens med dagens kystsamfunn.

Det er dette som no er samla til eit nytt reiselivsprodukt med både innhald og meining. Kystpilegrimsleia vart godkjent som ein av St. Olavsvegane til Trondheim i desember 2017. Opninga skal markerast langs heile leia i juni 2018, mellom anna med ein seglas frå Stavanger til Trondheim.

Sjølve hovudarrangementet for opninga er lagt til Edøy på SmølaArrangementet er eit samarbeid mellom Smøla kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Riksantikvaren og Møre bispedøme.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 2 dager siden Brobygging
Når fergeleiet flyttes ut fra sentrum av Molde, blir fortsatt ferge et enda dårligere alternativ. Hva sier folket på Vestnes ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Køkultur og samferdsel – Romsdal må våkne
@Terje SundsbøNo er "gjeldande " NTP i ferd med å gå ut på dato. Og, strekninga Ålesund til Molde er
@Geir Ole SætremyrMøreaksen er blant de høyest rangerte prosjektene basert på netto nytte pr. investert krone i gjeldende NTP. Få andre har ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Køkultur og samferdsel – Romsdal må våkne
@Terje SundsbøEg forstår at enkelte drøymer om å lese dette inn i dei signala som er gitt. Men, det er ikkje ...
@Geir Ole SætremyrSamferdselsministeren vil utrede om det kan bli en mindre økonomisk belastning om Møreaksen deles opp i flere trinn. Han ønsker ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse